presentasjon

Anne

Rolle i styret: Nestleiar og økonomisk ansvarleg

Kva studerer du? Eg tek master i nordisk språk og litteratur

Kva er det beste ved å vera student ved UiA? UiA har mange flinke forelesarar, dei er gode til å engasjere og er kreative i tilnærmingar i dei forskjellige faga

Kva er det beste ved å studera det du gjer? Det beste er at eg får ein djupare kunnskap om noko eg verkeleg interesserer meg for.

Kan du nemna ei av dine favorittbøker? Eg synst Helga Flatlands Bli hvis du kan trilogi er heilt spesiell.

Kvifor likar du denne så godt? Eg synest denne er så spesiell på grunn av måten den taklar dei vanskelege følelsane rundt sorg på, men også den fantastiske bruken av språk der ho vekslar mellom bokmål og nynorsk ettersom kva for ein karakter som er perspektivkarakteren det kapittelet.