presentasjon

Eline

Rolle i styret: Leiar.

Kva studerer du? Master i nordisk språk og litteratur.

Kva er det beste ved å vera student ved UiA? Universitetet har akkurat passe storleik, det er stort nok til å ha variasjon, men lite nok til at kvar enkelt ikkje forsvinn heilt i studentmengda. Då får ein betre kontakt med professorane, og dermed betre tilgang til deira store faglege kunnskap.

Kva er det beste ved å studera det du gjer? Eg får lesa mykje. Gjerne noko eg aldri ville lest åleine. Dette gjer at eg får utvida min litterære horisont, noko som gjer meg stor glede i kvardagen min.

Kan du nemna ei av dine favorittbøker? Det er ei av bøkene me hadde på pensum her ved UiA, Trekways of the Wind av Nils-Aslak Valkeapää.

Kvifor likar du denne så godt? Denne boka opna auga mine for kor flott ei multimodal bok kunne vera. Valkeapää er ein multikunstnar som gjorde opplevinga av poesi, illustrasjon og musikk til noko heilt nytt og vakkert.