Uncategorized

Ingebjørg

Rolle i styret: Fagansvarleg.

Kva studerer du? Eg går bachelor i nordisk språk og litteratur.

Kva er det beste ved å vere student ved UiA? Det beste ved å vere student her er engasjementet til lærarane. Det er kvaliteten og korleis dei verkeleg brenn for sine fag som motiverer meg mest. Det er gode faglege opplegg. Sjølve universitetet er akkurat passe stort til å greie å bli ordentleg kjend med campus.

Kva er det beste med å studere det du gjer? Det beste med å gå nordisk er at ein lærer om mangfaldet av språklege varieteter i Noreg. Opphavet til kvifor me snakkar som me gjer. Det er utan tvil talemålsskilnadar- og utvikling som interesserer meg mest.

Kan du nemne ei av dine favorittbøker? Vinbyggje som eg er, må eg halde ein knapp på Fuglane av Tarjei Vesaas. Rugdetrekk blir aldri det same.

Kvifor liker du denne så godt? Den tek for seg så mykje, men sjarmen ved det enkle livet og korleis vi kan lære av alle type menneske er noko av det beste. Korleis naturen blir skildra og korleis folk lèt seg påverke av (og påverkar) den er også noko av det finaste ved den syns eg.