Uncategorized

Sara

Rolle i styret: Kommunikasjons- og IT-ansvarleg.

Kva studerer du? Master i nordisk språk og litteratur.

Kva er det beste ved å vera student ved UiA? Studentmiljøet ved universitetet er veldig inkluderande, og det finst mange moglegheiter for å engasjere seg.

Kva er det beste ved å studera det du gjer? Språk og litteratur er eit stort fagområde, det dekkjer mange ulike greiner frå studium av runer og manuskript til dei nyaste tendensar innan multimodalitet og sosialsemiotikk. Det finst litt av kvart for alle.

Kan du nemna ei av dine favorittbøker? «Homo Falsus. Eller det perfekte mord.» av Jan Kjærstad. Eg skrev bacheloroppgåva min om han.

Kvifor likar du denne så godt? Romanen er veldig spennande, sjølv om nokon gonger er det utfordrande å henge med i. Det er nettopp kva jeg liker mest om boka og Kjærstad forfattarskap. Ein må jobbe litt ekstra for å finne ut korleis karakterane og hendingane heng saman.