øvrige arrangementer

Beforeigners: Ei språkhistorisk reise

Yggdrasil arrangerte ein lærerik og spanande kveld om norrønt med særleg fokus på språket i HBO-serien Beforeigners.

Den norskproduserte serien som også vert kalla “Framvandrarane” vart lansert på HBO Nordic hausten 2019. Den har hausta gode kritikkar, og fått merksemd verda rundt.
Men det er nokre ting me i Yggdrasil lurar på… Kor truverdig er språket i serien? Kan ein lage ‘nye’ og moderne norrøne ord? Snakkar vi eigentleg annleis enn 1800-talsmenneske?
Foredrag frå professor i nordisk språkvitskap og runegranskar Michael Schulte og fyrsteamanuensis i norsk Magnhild Selås ved Institutt for nordisk og mediefag på UiA.

Vér gleðjumsk og hlǫkkum til þessa æstiliga kvǫlds!