presentasjon

Lina Maria

Rolle i styret: Redaktør for litteraturbloggen Litt av Tiden.

Kva studerer du? Litteratur, film og teater, siste året bachelor.

Kva er det beste ved å vera student ved UiA? Kaffebaren.

Kva er det beste ved å studera det du gjer? Får lese masse, og ikkje minst, mykje forskjellig.

Kan du nemna ei av dine favorittbøker? Catch-22.

Kvifor likar du denne så godt? Han er rett og slett veldig morosam.

presentasjon

Anne

Rolle i styret: Nestleiar og økonomisk ansvarleg

Kva studerer du? Eg tek master i nordisk språk og litteratur

Kva er det beste ved å vera student ved UiA? UiA har mange flinke forelesarar, dei er gode til å engasjere og er kreative i tilnærmingar i dei forskjellige faga

Kva er det beste ved å studera det du gjer? Det beste er at eg får ein djupare kunnskap om noko eg verkeleg interesserer meg for.

Kan du nemna ei av dine favorittbøker? Eg synst Helga Flatlands Bli hvis du kan trilogi er heilt spesiell.

Kvifor likar du denne så godt? Eg synest denne er så spesiell på grunn av måten den taklar dei vanskelege følelsane rundt sorg på, men også den fantastiske bruken av språk der ho vekslar mellom bokmål og nynorsk ettersom kva for ein karakter som er perspektivkarakteren det kapittelet.

presentasjon

Eline

Rolle i styret: Leiar.

Kva studerer du? Master i nordisk språk og litteratur.

Kva er det beste ved å vera student ved UiA? Universitetet har akkurat passe storleik, det er stort nok til å ha variasjon, men lite nok til at kvar enkelt ikkje forsvinn heilt i studentmengda. Då får ein betre kontakt med professorane, og dermed betre tilgang til deira store faglege kunnskap.

Kva er det beste ved å studera det du gjer? Eg får lesa mykje. Gjerne noko eg aldri ville lest åleine. Dette gjer at eg får utvida min litterære horisont, noko som gjer meg stor glede i kvardagen min.

Kan du nemna ei av dine favorittbøker? Det er ei av bøkene me hadde på pensum her ved UiA, Trekways of the Wind av Nils-Aslak Valkeapää.

Kvifor likar du denne så godt? Denne boka opna auga mine for kor flott ei multimodal bok kunne vera. Valkeapää er ein multikunstnar som gjorde opplevinga av poesi, illustrasjon og musikk til noko heilt nytt og vakkert.